English version of this page

Bibliotekkonsortias sommarmøte 2016

Sommarmøtet for bibliotekkonsortia blir halde i Ole Johan Dahls hus i Forskningsparken, Oslo, 7. og 8. juni 2016.

Ole-Johan Dahls hus. © UiO/Francesco Saggio

Sommarmøtet (tidlegare vårmøtet) for bibliotekkonsortia blir halde i Ole Johan Dahls hus i Forskningsparken, Oslo, tysdag 7. og onsdag 8. juni 2016.

Også utstillarar (tenesteleverandørar) vil vere til stades.

Prisen, 1500 kroner, er fast og for begge konferansedagane. Vi har redusert prisen frå i fjor på grunn av rimelegare lokale og enklare bevertning. Lunsj for begge dagane og tapas med drikke tysdag ettermiddag er inkludert.

Hotell er ikkje inkludert i prisen. Konferansen vil finne stad i Forskningsparken utan hotell i nærleiken, og vi rår til å bruke hotell med kort avstand til t-bane.

Påmeldinga er no stengt.

 

Program for sommarmøtet:

Tysdag 7. juni, auditorium SIMULA, Ole Johan Dahls hus:

0900—1000:       Konsortieskolen med vekt på avtaletypar. Mest for nybegynnarar.

1000—1200:       Opning av konferansen: Internt konsortiemøte. Berre for konsortiedeltakarar.

1200—1300:       Lunsj

1300—1600:       Fellessesjon om open tilgang (Open Access):

1300—1310:       Introduksjon ved Nina Karlstrøm, CRIStin

1310—1340:       Frances Pinter, Knowledge Unlatched: One Route to Open Access

1340—1410:       Tom Mowlam, Ubiquity Press: Which Open Access Future Do We Want? 

1410—1440:       Kaffi

1440—1510:       Johannes Waage Løvhaug (NFR): Mot en norsk åpen tilgang-policy. Nasjonale retningslinjer for åpen tilgang.

1510—1545:       Jan Erik Frantsvåg (UiT): Har vi råd til å betale for å publisere - har vi råd til å la være?

1600—                Tapas i Ole Johan Dahls hus

 

Onsdag 8. juni, auditorium SIMULA,  Ole Johan Dahls hus:

0900—0945:       Statistikkurs. Kurshaldar: Anna Franca, Head of Collection Development frå King's College, London.

1000—1045:       Lisenskurs. Kurshaldar: Ben Taplin, Licensing Specialist frå det britiske bibliotekkonsortiet JISC. Berre for konsortiedeltakarar. Meir informasjon.

1045—1100:       Kaffi

1100—1145:       Erfaringar frå forhandlingsprosessen i Storbritannia. Innleiar: Richard Savory, Licensing Manager, JISC. Berre for konsortiedeltakarar. Meir informasjon

1145—1300:       Lunsjbuffet

1230—1445:       Workshops og presentasjonar frå utstillarane i grupperom- sjå oversikt i tabellen under!

1400—1415:      Kaffi og kake

1445—1500:      Sluttord

 

Parallellsesjonar:

 

Auditorium SIMULA. © UiO/Ola Sæther
Publisert 21. mars 2016 13:47 - Sist endret 15. nov. 2017 13:10