Ny teneste for å hente ut data frå CRIStin

Med den nye datautvekslingstenesta (REST API), kan du hente ut data om prosjekt, institusjonar og personar. Dataa kan gjenbrukast til dømes i eigne nettsider. 

Den nye datautvekslingstenesta (API) er eit ledd i CRIStin 2-utviklinga. CRIStin tilbyr allereie ei API-teneste som blir brukt av mange. Til dømes hentar Forskningsrådet ut data om publikasjonar tilknytt prosjekt dei finansierer, og fleire CRIStin-institusjonar hentar ut data som blir brukt igjen på institusjonane sine nettsider. Ved slik gjenbruk av data, treng du ikkje å registrere dei same opplysningane fleire stader. 

Den nye datautvekslingstenesta er ei betre teknisk løysing samanlikna med den gamle. Førebels kan du hente ut data om prosjekt, institusjonar og personar. På sikt vil du òg kunne hente ut data om resultat (sjå framdriftsplanen for vidareutvikling på nettsidene våre). Vi kjem gradvis til å fase ut den gamle datautvekslingstenesta. 

Dokumentasjon av ny datautvekslingsteneste - CRIStin REST API: https://api.cristin.no/index.html

Publisert 2. mai 2016 12:54 - Sist endret 20. jan. 2017 18:22