Lokal bruk av publiseringsindikatoren

Universitets- og høgskolerådets forskningsutval (UHR) og Det nasjonale publiseringsutvalet (NPU) har gått saman om ei tilråding når det gjeld bruk av publiseringsindikatoren på lokalt nivå.

I evalueringa av publiseringsindikatoren som vart gjort frå Universitetet i Århus i 2014, var noko av kritikken mot indikatoren at han vart brukt lokalt som resultatmål for den einskilde forskaren. Publiseringsindikatoren vart aldri utvikla til slik bruk.

– Sjølv om indikatoren er eit rimeleg godt mål på aggregert nivå, er det eit usikkert mål på individnivå. Dette inneber at indikatoren bør brukast med varsemd og i samspel med annan informasjon jo lenger ut i institusjonen ein kjem. Ein indikator er berre ein indikasjon på noko, skriv UHR og NPU i si tilråding.

Evalueringa sin kritikk av den lokale bruken av publiseringsindikatoren var éi av årsakene til at det vart utarbeida ein ny utrekningsmetode.

Les anbefalinga på Universitets- og høgskolerådets forskningsutval og Det nasjonale publiseringsutval sine nettsider

Publisert 17. mars 2016 12:48 - Sist endret 20. jan. 2017 11:22