Signér internasjonal intensjonsavtale for open tilgang til forskingsresultat

Open tilgang til forskingsresultat stod på agendaen på Berlin12-konferansen i desember i fjor. Deltakarar frå 19 land vart einige om ei rekkje punkt som er nedskrive i ein intensjonsavtale og signert av dei organisasjonane som var til stades på konferansen.

Intensjonsavtalen er no lagt ut til signering av organisasjonar som ønskjer å støtte overgangen til open tilgang, og CRIStin oppmodar på det sterkaste til å gjere nettopp dette.

I samband med at intensjonsavtalen er lagt ut til signering, er det oppretta ein ny nettstad "OA2020".

– Nettstaden er meint å leggje til rette for deling og samarbeid mellom dei involverte partane i akademisk publisering, heiter det i ei pressemelding frå Max Planck-institutta.

På nettstaden finn du i tillegg til intensjonsavtalen eit vegkart for overgang til open tilgang. Veikartet er meint å tilby praktiske råd og grep som kan takast i førebuinga mot ein overgang til open tilgang. 

Gå til nettstaden OA2020 – The Initiative http://oa2020.org/

Intensjonsavtalen kan signerast på nettsidene til OA2020: http://oa2020.org/mission/

Publisert 29. mars 2016 11:19 - Sist endret 20. jan. 2017 12:24