Tilgang til elektroniske tidsskrift og oppslagsverk innan helsesektoren

Meir innhald til kommunehelsetenesta og betre samordning mellom CERES og Helsebiblioteket ved forhandling av avtalar er nokre av forslaga i ein rapport skriven på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD).

HOD sette hausten 2015 ned eit utval for å sjå på helsetenesta sitt behov for kunnskapskjelder. Utvalet hadde medlem frå CERES (tidlegare CRIStin), KS, Universitets- og høgskolerådet, Helse Sør-Øst, Universitetet i Oslo og Folkehelseinstituttet (Helsebiblioteket).

Rapporten frå utvalet er publisert og kan lastast ned på Helsebiblioteket sine nettsider.

Publisert 20. jan. 2017 14:49 - Sist endret 20. jan. 2017 17:32