Historia om Cristin

Cristin-systemet vart satt i drift i 2010 som eit felles system for offentleg finansierte institusjonar. Hovudføremålet med Cristin er å gje ei oversikt over kva som skjer i norsk forsking.

Systemet vert til dagleg forvalta av Cristin-sekretariatet som høyrer til Seksjon for forskningstjenester i Kunnskapsdepartementets tjenesteorgan avd. Oslo.

Rapportering via Cristin

Eit viktig delmål er å leggje til rette for rapportering av vitskapleg publisering til Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsepartementet, for dei medlemsinstitusjonane som får deler av si finansiering via resultatbasert omfordeling (RBO). Cristin skal effektivisere og forenkle prosessen med NVI-rapporteringa av vitskaplege publikasjonar.

Cristin skal i tillegg levere informasjon til andre statlege aktørar, for å forenkle andre rapporteringar for forskarane og institusjonane.

Organisasjonen CRIStin

Då Cristin-systemet vart satt i drift, vart også organisasjonen CRIStin etablert. I tillegg til forvalting av Cristin-systemet hadde organisasjonen CRIStin ansvaret for forhandling av tilgang til forskingsressursar for forskingsbiblioteka (konsortieforhandlingar) og arbeidet med å gjere offentleg finansiert norsk forsking åpent tilgjengeleg (open access).

CERES

1.1.2017 vart CRIStin-organisasjonen fusjonert med det som då hette FSAT - felles studieadministrativt tjenestesenter. Den nye organisasjonen fekk namnet CERES - Nasjonalt senter for felles systemer og tjenester for forskning og studier. Organisasjonen CRIStin ber no namnet Seksjon for forskningstjenester. Navnet Cristin er no berre knytt til systemet.

Nytt statleg tenesteorgan for forsking og studiar – Unit - Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking

1.1.2018 vart CERES fusjonert med Bibsys og delar av Uninett AS. Namnet på den nye verksemda er Unit - Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking. Hovedkontoret for den nye organet ligg i Trondheim, men det som tidlegare heitte CERES vil fortsatt vere i Oslo.

Publisert 12. okt. 2017 08:49 - Sist endret 7. mai 2018 14:41