Medlem i Cristin

Cristin har pr 1.1.2017 138 medlemsinstitusjonar. Institusjonane er fordelt på tre sektorar: Universitet og høgskular (UH), helseforetak og forskingsinstitutt. Vi tek ikkje inn nye medlemsinstitusjonar i Cristin fordi Cristin skal avviklast i løpet av 2023.  Funksjonalitet vert flytta til Cris/NVA.

Kva er ein medlemsinstitusjon?

Medlemsinstitusjonar har tilgang til å logge inn og registrere tilsette og arbeid i Cristin. Ein institusjon treng ikkje vere medlem for å verte kreditert på publikasjonar og prosjekt, som deltakar eller finansiør.

 

Institusjonar som deltek i eller finansierar forsking

 

Institusjonar som ikkje er medlem, men skal krediterast på resultat og prosjekt som deltakar eller finansiør, må vere registrert i vårt register over norske og utanlandske institusjonar.

» Meld inn en institusjon til Cristins institusjonsregister (nettskjema)

Du kan IKKJE bli personleg medlem i Cristin

Du må ha ei tilknyting til ein av våre medlemsinstitusjonar for å kunne logge deg inn, registrere forskingsaktivitet og redigere personprofilen din.

Kva skjer viss du byter jobb?

Viss din nye arbeidsstad også er ein medlemsinstitusjon, må profilen din knytast til denne institusjonen for at du skal kunne logge inn. Kontakt superbrukar på ny arbeidsstad for hjelp.

Liste over institusjonelle superbrukarar i Cristin

Viss din nye arbeidsstad ikkje er ein medlemsinstitusjon, har du ikkje lenger tilgang til Cristin og til å redigere profilen din.