Eg får ikkje logga inn

For å logge inn i Cristin må du vere oppretta som brukar, og institusjonen din må vere ein Cristin-institusjon. Det er institusjonen din som melder inn ein brukar og angir kven som skal ha tilgang til å registrere i Cristin. Ta kontakt med superbrukaren frå institusjonen din viss du har grunn til å tru at du ikkje er registrert.

Det finst to innloggingsmetodar i Cristin: Cristin-pålogging og Feide-pålogging.

For problem med Cristin-pålogging:
Ved problem med Cristin-pålogging kan superbrukar frå institusjonen din hjelpe deg. Om vedkomande ikkje klarer å finne ut av problemet, kan superbrukaren ta kontakt med Cristin-sekretariatet for assistanse.

For problem med Feide-pålogging:
Viss du ikkje får logga deg på via Feide, kan årsaka vere at brukaren din ikkje er registrert i Feide. Ta kontakt med IT-support for å bli lagt inn.

At du har tilgang til å logge på i Feide, betyr ikkje automatisk at du har tilgang til å logge på i Cristin. For at du skal kunne gjere det, må Cristin ligge i lista med tenester som du skal ha tilgang til via Feide.

For å sjekke om du skal ha tilgang til Cristin, loggar du deg inn på sida di i Feide (http://innsyn.feide.no/). Under fana som heiter "Tjenester" ligg ei liste over alt du har tilgang til. Viss Cristin ikkje er lista her, må du ta kontakt med IT-support ved institusjonen din, slik at dei kan legge deg til. Viss Cristin ligg i lista, og lokal IT ikkje kan finne årsaka til at du ikkje får logga inn, kan superbrukaren frå institusjonen din ta kontakt med Cristin-sekretariatet for assistanse.

Publisert 18. sep. 2017 09:37 - Sist endret 30. okt. 2017 14:33