Må eg registrere artikkelen min sjølv, eller blir han importert?

Cristin importerer publikasjonsdata frå Scopus (Elsevier).

Artiklar som publiserast i kanalar som leverandørane våre ikkje indekserer, må registrerast av forskaren sjølv eller av administrativt tilsette ved institusjonen.

Vi kan dessverre ikkje garantere at alle publikasjonar som har blitt indeksert av leverandørane våre blir levert, og importert, tidsnok til rapportering. Institusjonane er sjølv ansvarlege for å sikre at alle rapporterbare publikasjonar blir registrert.

Publisert 21. juni 2017 10:09 - Sist endret 2. nov. 2022 10:22