Kvifor bruke Cristins tenester?

Cristin samlar informasjon om forskingsaktivitetar ved våre rundt 140 norske medlemsinstitusjonar. Det som skil Cristin frå andre system er at det ikkje berre inneheld informasjon om éin type aktivitet. Resultat, prosjekt, personar, forskingsgrupper og institusjonar vert lagra i ein felles database.

Oversyn og synleggjering

Når all informasjon vert registrert i same database kan den enkelt lenkast saman, og slik syne breidda i arbeidet til ein forskar, ei gruppe, eit prosjekt og ein institusjon. I Cristin registrerar du ikkje berre vitskaplege publikasjonar, men også prosjektdeltaking, føredrag, intervju, med vidare.

Samanlenking av informasjon gjer kvar del av informasjonen meir synleg i systemet. Eit prosjekt peikar ikkje berre vidare til profilsida til dei deltakande forskarane, men også til registrerte resultat og relaterte prosjekt. Dette gjev ei betre heilskapsoversyn over forskinga til kvar enkelt forskar og institusjon.

Samarbeid

Forskarar og institusjonar som samarbeider vert også lenka til kvarandre. Dette gjer at vi kan lage statistikk og rapportar over samarbeidsrelasjonar internt ved den einskilde institusjon, samt nasjonalt og internasjonalt.

Gjenbruk av informasjon

Ved å leggje til rette for at vi kan gjenbruke informasjon frå andre system, samt gjere våre data tilgjengeleg for gjenbruk av andre, sparar vi forskarar og administratorar frå å registrere same informasjon fleire stader. Det sikrar også lik informasjon i "økosystemet" av tilkopla (/integrerte) forskingssystem.

API - teneste for automatisert utveksling av informasjon

For å gjere informasjon i Cristin tilgjengeleg for andre har vi utvikla ei rekkje API-tenester. Eit API er eit grensesnitt som gjer det mogleg for datamaskiner eller -program å sende og motta informasjon automatisk. Dette gjer det enklare og raskare å gjenbruke informasjon mellom system. Fleire av våre medlemsinstitusjonar brukar tenesten for å hente oppdatert informasjon om sin forskingsaktivitet til eigne nettsider.

Import frå andre system

Cristin gjenbrukar informasjon på ulike måtar. Vi importerar publikasjonsdata frå internasjonale leverandørar som vert kopla til våre autoritetsregistre. Dei største institusjonane sender persondata frå sine personalregistre gjennom ein automatisert teneste. Vi mottek jamnleg oppdatert informasjon om publikasjonar frå NSD - Norsk senter for forskingsdata.

Enklare rapportering

NVI-rapportering av vitskaplege publikasjonar

Ved etableringa av Cristin fekk offentleg finansierte forskingsinstitusjonar et enklare verktøy for å rapportere vitskaplege publikasjonar til Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet, kalla NVI-rapporteringa. NVI står for Norsk vitenskapsindeks. 

Fordi Cristin har ein felles database i botnen, treng ein berre registrere ein publikasjon éin gong. Systemet sørgjer for at registreringa vert delt med dei forskarane og institusjonane som har samarbeida om publikasjonen.

Prosjektrapportering til Forskingsrådet

Cristin leverer også informasjon til rapporteringar hos andre offentlege etatar. Når ein prosjektleiar skal rapportere om status på eit prosjekt til Forskingsrådet kan dei hente informasjon om publikasjonane frå Cristin, og slepp då å fylle ut dette manuelt. Forskargruppekatalogen til Cristin har også blitt brukt av Forskingsrådet i deira arbeid med å evaluere forskingsaktiviteten innan ulike fagområder.

Intern rapportering

Våre medlemsinstitusjonar har tilgang til rapportar og statistikk om eigen forsking, som dei kan bruke som grunnlag for interne rapporteringar og forskingsstrategi.

Strukturert informasjon = gode data

Cristin har autoritetsregistre og informasjonslister basert på unike kodeverk. Ein publiseringskanal, institusjon, person, finansieringskilde eller kategorisering skal kun vere registrert éin gong, og får tildelt ein unik kode. Det sikrar at anna informasjon berre kan verte kopla til denne eine registreringa. Dette gjer det enklare å registrere riktig informasjon og å lage gode statistikkar og analyser.