Programmet for Bibliotekkonsortias sommarmøte 2016 er klart

Gå ikkje glipp av Johannes W. Løvhaug (Forskingsrådet) og Jan Erik Frantsvåg (Universitetet i Tromsø) som skal halde innlegg om open tilgang (Open Access) i eit nasjonalt perspektiv og med tanke på betalingsmodellar. 

Ole-Johan Dahls hus. © Universitetet i Oslo

Ben Taplin og Anna Franca frå høvesvis JISC og King's College London vil kurse oss i lisensarbeid og statistikk. Richard Savory frå JISC skal snakke om erfaringar frå forhandlingsprosessen i Storbritannia.

Vi kan freiste med dette og meir til på Bibliotekkonsortias sommarmøte (tidlegare vårmøte) som i år blir arrangert 7. og 8. juni i Ole Johan Dahls hus (UiO) ved Forskningsparken, Oslo. 

Program, meir informasjon og registrering finn du på nettsida 
/aktuelt/arrangementer/cristin-arrangementer/2016/varmotet-2016.html

Meld deg på før fristen 24. mai.

Publisert 19. apr. 2016 12:58 - Sist endret 19. apr. 2016 15:15